Program 2023-2027

Me har ikkje lengre eit mål om å bli fleire på Randaberg. ‘Ei befolkning i balanse’ er hjørnesteinsgrepet for vår grøne politikk.

Me blir stadig fleire eldre uavhenging om befolkninga veks ettersom det er svært få eldre som flytter.

Me veit at elevtallet kjem til å synke fram mot 2032. Dette vil vedvare viss me ikkje legg opp til stadig befolkningsauke. Dermed forsvinner behovet for investeringer i nybygg innan skule og barnehage.

Det totale investeringsbehovet går ned og det blir lettare å prioritere vedlikehald, nye sjukeheimsplasser og sanere gjelda.

Ved å fjerne utbyggingspresset for bustader fjerner me også presset på matjorda. Utbyggingsplaner kan skrotes og matjorda vernes. Randaberg blir til eit nasjonalt fyrtårn for jordvern me kan vere stolt av.

Me kan fokusere på å etablere fleire arbeidsplasser til ei stabil befolkning og dermed redusere behovet for pendling inn og ut av kommunen. Fleire jobbreiser kan skje til fots eller med sykkel. Det gagner folkehelsa ettersom stillesitting i bil er eit kjent folkehelseproblem medan sykling og gåing fremmer den. Det reduserer behovet for vegkapasitet og me kan spare meir matjord og natur og penger ved å skrote vegprosjekter som ikkje ganger noko lengre.

Me ønskjer med fleirtalet av befolkninga at Randaberg fortsetter som sjølvstendig kommune. Da er me nøyde å ta stilling til vår rolle i eit regionalt perspektiv. Som jordbrukskommunen med over 60 prosent av arealet som er matjord er vår soleklare rolle å vere jordvern-fyrtårn.

Det er på Randaberg at nullvisjonen for nedbygging av matjord skal bli realitet. På Randaberg skal matjorda ikkje berre vere verna, den skal vere freda!

 

Ei befolkning i balanse gir oss mange fordeler:

– det blir lettare og betre å planlegge båe investeringar og tenester

– investeringspresset for skule og barnehager forsvinner

– investeringer fokuseres på sjukeheimsplasser og vedlikehald

– samstundes som det blir lettare å sanere gjelda

– matjorda kan fredes og den sjølvstendige kommunen kan leve opp til sin regionale og nasjonale rolle som jordvern-fyrtårn!

 

 

 

 

Kjære Randabergbu!

Randaberg trenger eit politisk røyst som ser verdien i å ta vare på det me har og vere nøgde med det. Utvikling er noko anna enn berre nye ting.

Me trur me kan utvikle oss til å leve i takt med naturen, verne om den, ha gode liv og oppretthalde vår høge velferdsstandard utan stadig auke i materiell velstand med tilsvarende ressursforbruk.

Difor vil me ha ei kommune i balanse.

Det betyr at me vil :

  • Ta vare på den sjølvstendige kommunen med ei befolkningstal på dagens nivå
  • Fokusere på mennesket i eit levande lokalsamfunn basert på frivilligheita
  • Balansere kommuneøkonomien med lite gjeld og styrka tenesteyting og fokus på vedlikehald fram føre investeringar
  • Ta vare på båe matjord og naturen ved å halde på balansen mellom araler i bruk og naturen for ein leveleg klode også i framtida
  • Betre balansen mellom bustader og arbeidsplasser innanfor kommunen

Berekarftig utvikling krev balanse mellom naturen, eit medmenneskeleg samfunn og økonomien.

Randaberg som sjølvstendig kommne må i eigen regi finne og ta ansvar for sin rolle i regionen.

Natur og klima

Me menneskjer er ein del av naturen. Å ta vare på den er å ta vare på oss.

Det vil me vise ved å gjere  Randaberg til eit fyrtårn for jordvern og naturvern der verken matjord eller meir natur går tapt.

Randaberg er landets minste fastlandskommune med landets høgaste andel matjord. Kommunen har viktige beite- og jaktområder for trekk- og sjøfugl i eit globalt perspektiv. Me er omgitt av unike havområder med ei sjøfuglkoloni i vekst. Me har få arealer igjen med myr og anna urørt natur som me vil ta vare på.

Me har tatt nok areal og Dei Grøne vil ta vare på det me har igjen for å beholde Randaberg som triveleg stad å bu.

Det får me til ved å:

  • Stanse all boligbygging på matjord og ta areal som ikkje er bygt ned ut av reguleringplaner
  • Utfordre staten og fylkeskommunen på å gjere det same ift sine vegprosjekter
    • det det ikkje lukkast krev me arealnøytralitet, dvs at tapt matjord og natur restaureres tilsvarende ein annen plass!
  • Sette arealnøytralitet som bærende prinsipp også for arealforvaltninga elles
  • Auke kunnskapen om våre arealer og naturverdiar ved å
    • styrke arealdatabasen
    • Kartlegge rødlista arter
  • Bevare og restaurere natur til lands og til sjøs ved å
    • Fjerne området for akvakultur
    • Opprette hummerreservater
    • Utvide landskapsvernområder
    • Endre/utvide grense til nasjonal laksefjord til å gå frå Tungenes rett vest
    • Redusere minkbestanden til fordel for sjøfuglane
    • Bevare opne vannspeil og evt gi stønad til å opne lukka grøfter
    • Så blomstereng på «rest»arealer
  • Auke kunnskap og kjenskap om naturen vår hjå folket
    • Henge opp fuglekasser i relevante områder (skuleprosjekter)
    • Få avtale med grunneigar om gratis fiske for Randabergs innbyggjarar i Hålandsvatnet
    • Utvikle turstinettverket men verne områder som ikkje har det i dag

Klima – tilpasning og omstilling

  • Rask og avgiftsfri saksbehandling ved
    • Etablering av reinsepark (der det ikkje er offentleg kloakk)
    • Installering av solceller
  • Investere i ENØK tiltak i alle kommunale bygg etter ein gjennomtenkt plan
  • Få klimaplan for tilpasning og omstilling på plass
  • Få kommunens CO2-rekneskap og -budsjett på plass
  • Vekte klima og miljø minst 40% i anbudsprosesser

Eit varmt, medmenneskeleg og demokratisk samfunn

Frivilligheita og møter mellom menneskjer skal prege kvardagen til Randbergbuen.

Me ønskjer oss ei befolkning i balanse og dermed forutseielege behov for båe oppvekst, barnehager og skuler og eldreomsorgen, sjukepleie og heim.

Randaberg skal forsatt stille opp for flyktninger like framoverlent som hittil.

Dei Grøne vil:

  • Eldre og omsorg
    • Prioritere og framskynde planlegging og bygging av sjukeheimsplasser i tråd med det aukande behovet
    • realistisk plan for minst 75 nye plasser innan neste periode, 2031
    • Fortsatt legge til rette for å kunne bu heime lengst mogleg
    • Styrke arbeids- og butilbodet til vanskelgistilte (rus, psykatri)

  • Barn og unger
    • Beholde dagens skulestruktur med tre 1-10-skuler
    • Styrke skulens økonomi ved å beholde same budsjettandel ved synkande elevtall
      • Meir til lesing/bibliotek
      • Kortreist, økologisk måltid for elvene

  • Sentrumsutvikling for mennesker
    • Utvikle sentrum til ein triveleg møteplass for menneskjer der det er trygg å ferdes
    • Gjere båe Randabergveien foran kyrkja og Vistnesveien frå Kyrkja til Bunnpris bilfri
    • Styrke sykling og gåing til sentrum med sykkelparkering og betre kollektivtilbod
    • Nærmiljøanlegg utvikles i tråd med kunnskap om miljøpåverknad
    • Videre utvikle bysykkeltilbodet med nye statsjoner: Mekjarvik, Tungenes og Vistnestunet og Hålandsvannet.

  • Demokrati og dialog
    • Styrke frivilligheita der det er naudsynt i den gode tverrpolitiske fellesånden me har
    • Lytte til velforeiningar når dei blir berørt av tiltak og be om innspel på ting som kan bli betre
    • Legge tilrette for sjølvbetent bibliotek (døgnopen)
    • Styrke samarbeidet mellom skulene og bibliotekt
    • Styrke skule/foreldre samarbeidet om mindre skjem- og SoMebruk

Næring og arbeidsliv

Det blir stadig fleire som bur på Randaberg og pendler ut av kommunen. Pendling er bortkasta livstid og stillesitting i bilen er eit folkehelseproblem. Randabergbuen skal kunne halde seg frisk på vegen til jobb og spare seg for utgifta til jobbreisen.

Dei som fortsatt pender inn og ut skal ha eit godt kollektiovtilbod slik at bilen kan bli ståande oftare.

Difor vil me snu denne trenden. Folk skal kunne finne det dei trenger i kvardagen innanfor kommunen dei bur. Båe barnehage, skule, jobb og nærbutikker, lege og fysioterapeuten og nær rekreasjon og trenigsmoglegheiter skal finnes i gå og sykkelavstand.

Med ei befolkning i balanse men fleire arbeidsplasser får me det til!

Det oppnår me ved å:

  • Ta ut arealer regulert for budstader på matjord ut av kommuneplanen
    • MEN beholde moglegheita til fortetting på arealer som er byt ut der entrepenør og grunneigar blir enig om det
  • Sette i gong utviklinga av Harestadtomta til sentrumsføremål med fokus på arbeidsplasser
  • Tilrettelegge for effektiv kollektiv- og nærtransport ut til Mekjarvik
    • Etablere bysykkelsstativ på Mekjarvik
  • Samarbeide med fylkeskommunen om eit styrka kollektivtilbod
    • å få rute 10 til å starte i Randaberg og gå heile dagen minst kva hvaltime
    • Styrke x-bussene til Forus og Ullandhaug
    • Binde Vistehageby betre til sentrum
  • Legge tilrette for meir gåing og sykling gjennom
    • sykkelstier der det ikkje går ut over matjord
    • satse på sykkelfelt på eksisterande vegbane og reduserte fartsgrenser der matjord trues
    • Gode regler og kår for nærtransport som speed-pedlec og el-sparkesyklar

Økonomien

Ei befolkning i balanse vil gjere den utfordrande jobben med gjeldssaneringa lettare å styre.

Mindre gjeld vil gi oss mindre rentekostnader dermed meir til tenesteyting til innbyggjarane våre.

Det gjer med ved å:

  • Betale ned gjelda raskere enn loven krever
  • Fryse eigedomskatten på dagens nivå og bruke den til å slette gjelda
    • MEN: gjere det lettare å søke om fritak for dei med trang økonomi
  • Redusere investringar til det mest naudsynte
    • Legge planer om rein ungdomsskule død
    • Rehabilitere Harestad skule, Torvmyveien 7, skikkeleg
    • Styrke klasserom til prakstik- etiske fag
  • Prioritere verdibevarende vedlikehald fram føre nybygg
  • Investere i ENØK tiltak i alle kommunale bygg etter ein gjennomtenkt plan
  • Betre økonomistyring ved å innføre 8-årig investeringsplan

Godt val!